Norsk Gardsost Landsdekkande organisasjon for bevaring og vidareutvikling av norske tradisjonar for lokal handverks messig foredling av mjølk

ÅRSMELDING FOR ARBEIDSÅRET 2011/12 Til årsmøtet i Steinkjer 13. mars 2012 I styret har desse vore med: Leiar: Sigurd Avdem, Oppland Nestleiar: Barbro Stordalen, Telemark Styremedlemer: Knut Åland, Nordland Per Bryn, Hedmark Bitten Brennhovd, Buskerud 1.vara: Anne Karin Hatling, Sogn og Fjordane 2.vara: Gunnar Waagen, Møre og Romsdal 3.vara Mabel Owren, Troms 1.vara har møtt fast på styremøta, det same har ysteteknolog Ragnhild Nordbø gjort. Det er avhelde 8 styremøte, 4 fysiske og 4 telefonmøte og det er handsama 64 saker (pr. dags dato). 3 av desse møta, er halde i 2012, med styret som vart vald i 2011. Årsmøte i 2011 var i Bergen. Referat frå dette står i GardsOsten 01/11. Det største løftet for organisasjonen var Landsutstillinga i Stavanger. Samarbeidspartner var Kompetansenavet i sør, Nofima ved Måltidets hus. Ved å legge arrangementet dit, såg vi ein unik sjanse til å treffe mateliten i Noreg, og på den måten vise mangfaldet i produkta til småskalaprodusentane i mjølkesektoren. 113 produkt vart bedømt. Gledeleg er det at kvaliteten på innleverte produkt aukar frå Landsutstilling til Landsutstilling, og mange har produkt som konkurrerer godt med importostane! Landsutstillinga starta i slutten av august på Thorbjørnrud Hotell med vurdering av rømme og smør. Dette fordi mange av desse produkta er sesongprodukt frå setre. Ved Landsutstillinga i 2009 hadde vi dømming av desse produkta saman med alle andre produkt, men det var veldig få som sendte inn. Difor gjekk vi attende til ”det gamle” ved å ha bedømming i sesongen. Men dessverre, det vart ikkje så mange av kvart produkt no heller. Spesielt gledeleg var det at Årets Ost gikk til ein nykommar, Ruth Uhlving frå Troms med sin kvite geitost. Ei Landsutstilling er også eit økonomisk løft for organisasjonen og vi er heilt avhengige av eksterne midler. Takk til Innovasjon Norge i Rogaland, og også til FMLA i Rogaland og Norgesgruppa, som bidrog med sponsormidlar. Vi fekk likevel eit underskot på om lag 25 000 kr. Landsutstillinga er likevel noko vi prioriterer svært høgt, og som er eit arrangement vi meiner er både til nytte og glede for medlemmane våre. For fyldig referat frå arrangementet, viser vi til medlemsbladet GardsOsten 2/11.

Fagleg arbeid GardsOsten har kome ut to gonger, med fagartiklar og ysterireportasjar. Vi skifta trykkeri ved nyttår, og blada kjem no ut i fargar! Pascale Baudonnel og Ragnhild har svart på e-postar og telefonar frå produsentar med ystefaglige problem. Dei har også delteke i faglege prosjekt. For adresser og telefoner, sjå side 3 i GardsOsten. Pascale driv også ysteutstyrsbutikken ”Ystebui” i Undredal, og medlemmene våre får rabatt her. Nasjonale retningslinjer: Ragnhild Nordbø deltok i februar saman med Lene Scobie frå Hanen på evaluerings- og strategimøte for Mattilsynets satsing på tilsyn med småskala matprodusentar. Der kom dei med innspel til Mattilsynets arbeid overfor næringa, og fortalde litt om NRL-kursprosjektet. Vi laga ein forbetra versjon av retningslinene, som vart anerkjent i mars. Denne vart senda ut elektronisk til produsentmedlemar som hadde fått tidlegare versjonar av NRL. NG hadde saman med Hanen fått løyvd midlar til å halde kurs om NRL, og slike kurs vart arrangert på Fokhol, Merket og i Seljord våren 2011. Det var få deltakarar, og Hanen valde å legge prosjektet på is. Saman med kompetanse-navet i Aurland, hadde vi eit kurs i november. Her òg var det få påmelde. NRL/HACCP har vore i fokus på fleire produsentbesøk gjennom besøksordninga og andre prosjekt dette året. Alt i alt har mellom 60 og 70 produsentar fått retningslinene. I tillegg har Ragnhild hatt eit seter-HACCPkursopplegg for kompetansenavet på Mære, med knapt 30 deltakarbedrifter, kor arbeidet med retningslinene var eit vesentleg grunnlag for å laga eit tilpassa opplegg for desse minste produsentane, sjølv om vi ikkje brukte retningslinene direkte. Ragnhild arbeider no vidare med å kartlegge behov for meir kurs om NRL//HACCP. Pascale er i gang med å redigera filmmateriell frå dokumentasjonsoppdrag ho har gjennomført gjennom mange år. Listeriaprosjektet: Fleire produsentar var på møte om prosjektet i juni, kor resultat vart formidla, og det vart trykt ein rapport frå prosjektet i GardsOsten 1-2011. Vi får også ein artikkel frå prosjektet til nr 1-2012. Biogasprosjektet: Det har ikkje vore aktivitet i prosjektet i 2011. Økonomi i småskala osteproduksjon Saman med Innovasjon Norge sette Norsk Gardsost i gang eit prosjekt for å kartlegge økonomien i småskala osteproduksjon. Økonomistudent Synne Qvenild såg dette som eit interessant oppdrag som tema for si masteroppgåve. Ho har intervjua 52 av medlemmane våre, med 3 hovedområde: marknad, samarbeid og strategi. Ho forsvarte oppgåva i september 2011 ved UMB på Ås. Vi viser elles til GardsOsten nr. 2/11. Vi har også vore representert på følgande møte: Lokalmatseminar for NorgesGruppen: Tema var auka satsing på lokalmat i NorgesGruppen sine butikkar. Leiaren fekk bruka 15 min på å fortelje om eigne erfaringar som ein liten leverandør, og også til å koma med innspel på kva som kan gjera det enklare for små produsentar i ei stor kjede. Temakveld på våtmarksenteret på Dokka: Slåttemarker/blomsterenger. Leiaren fortalde om småskala ysting og prøvde å dra i gang ein diskusjon om høy frå slike blomsterenger kan ha ein spesiell verdi for lokal foredling av mjølk.

Organisasjonen og økonomi Norsk Gardsost er ein desentralisert organisasjon med styremedlemmer frå Nordland til Telemark. Det er eit arbeidande styre, og det er ofte vanskeleg å få tid til alt ved sida av å vera aktiv produsent. Styret vedtok difor i 2011 å sjå etter ein medarbeidar som kan vera med å utvikla organisasjonen vidare. Frå 2012 er difor Gjermund Stormoen på plass som dagleg leier. Vi i Norsk Gardsost ser fram til å samarbeida med ein så kunnskapsrik person. Frå 2012 vart ordninga med sentrale BU-midler avslutta, og Norsk Gardsost søkte difor om tilskott til organisasjonar over LMD sitt budsjett. For 2012 har vi fått tilsegn om 250 000 kr. Dette gjev oss difor større handlingsrom til saker som er viktige for oss. Norsk Gardsost er medlem i studieforbundet Solidaritet. Norsk Gardsost ynskjer å takke Sogn Jord- og Hagebruksskule for godt samarbeid om kurs og studieturar i 2011, og Thorbjørnrud Hotell som husa oss under rømme/smør-bedømminga. Ein takk også til alle ved Måltidets hus i Stavanger for hjelp og bistand i samband med Landsutstillinga. Ein stor takk også til TINE som stiller med møterom til styremøta våre! Mars 2012 Styret (sign)

Arsmelding 2011 til arsmøte 2012vedteken.pdf

GardsOsten har kome ut to gonger, med fagartiklar og ysterireportasjar. Vi skifta trykkeri ved. nyttÃ¥r, og blada kjem no ut i fargar! Pascale Baudonnel og Ragnhild ...

75KB Sizes 0 Downloads 40 Views

Recommend Documents

Installationsguide til Avast Antivirusprogram til Mac.pdf
There was a problem previewing this document. Retrying... Download. Connect more apps... Try one of the apps below to open or edit this item.

Vildmarksbad i plast til salgs.pdf
Retrying... Download. Connect more apps... Try one of the apps below to open or edit this item. Vildmarksbad i plast til salgs.pdf. Vildmarksbad i plast til salgs.pdf.

Rettenøgle til fejlstøvsugeren.pdf
There was a problem loading more pages. Whoops! There was a problem previewing this document. Retrying... Download. Connect more apps... Try one of the ...

til the casket drop.pdf
Retrying... Download. Connect more apps... Try one of the apps below to open or edit this item. til the casket drop.pdf. til the casket drop.pdf. Open. Extract.

Tool Integration Language (TIL)
Analysis: TIL models can be used to predict functional and non-functional properties (such as consistency, complexity, accuracy) of the tool chain. For envisioned tool chains, these properties can be assessed before the tool chain is built. For exist

Semantic Anchoring of TIL
capturing important design decisions when building tool chains. While we previously defined concrete and abstract syntax, the semantics was only informally defined. By providing formal behavioral semantics for the language, the language is semantical

ANSØGNINGSSKEMA TIL STADEPLADS VED AARHUS STREET ...
ANSØGNINGSSKEMA TIL STADEPLADS VED AARHUS STREET FOOD - 05_12_16.pdf. ANSØGNINGSSKEMA TIL STADEPLADS VED AARHUS STREET ...

Invitasjon til tv-aksjonen.pdf
Sign in. Page. 1. /. 1. Loading… Page 1 of 1. Page 1. Invitasjon til tv-aksjonen.pdf. Invitasjon til tv-aksjonen.pdf. Open. Extract. Open with. Sign In. Main menu.

til Christmas Gift Set The Southern Stamper.pdf
Scallop Squares Duo 120903. Circles #2 114526. Movers & Shapers Holiday Windows 116821. Other: Basic Pearls Jewels 119247. Basic Rhinestones Jewels 119246. Old Olive 1-1/4” Striped Grosgrain Ribbon 115618. Hemp Twine 100982. Tom Box Multi Purpose L

man-112\manual-til-iphone-3-pn-dansk.pdf
man-112\manual-til-iphone-3-pn-dansk.pdf. man-112\manual-til-iphone-3-pn-dansk.pdf. Open. Extract. Open with. Sign In. Main menu.

Ny læringsplattform - Infobrev til foresatte.pdf
Trondheim kommune Ny Læringsplattform. Page 1 of 1. Ny læringsplattform - Infobrev til foresatte.pdf. Ny læringsplattform - Infobrev til foresatte.pdf. Open.

PF-6-47 Eftersyn af vederlag til plejefamilier.PDF
Ved ansættelse af nye plejefamilier i dag fastsætter Døgnplejen som udgangspunkt. antallet af vederlag efter gældende normer fra KL, det enkelte barn/ungs ...

man-125\manual-til-iphone-3-pn-dansk.pdf
man-125\manual-til-iphone-3-pn-dansk.pdf. man-125\manual-til-iphone-3-pn-dansk.pdf. Open. Extract. Open with. Sign In. Main menu.

Fynshav til Frederikshavn 23.7. dag 77 - 161.pdf
Fynshav til Frederikshavn 23.7. dag 77 - 161.pdf. Fynshav til Frederikshavn 23.7. dag 77 - 161.pdf. Open. Extract. Open with. Sign In. Main menu. Displaying ...